mini|Kunstnarisk førestilling av eit svart hol. Hawking-stråling er svartlekamstrålinga som er føresagt å kome frå svarte hol på grunn av kvante-effektar nær hendingshorisonten. Han er kalla opp etter fysikaren Stephen Hawking, som la fram ein teori for at strålinga fanst i 1974, og stundom òg etter Jacob Bekenstein, som føresåg at svarte hol burde ha ein endeleg temperatur og entropi ulik null. Hawking kom fram til teorien etter å ha vitja Moskva i 1973, der dei sovjetiske forskarane Jakov Zeldovitsj og Aleksej Starobinskij synte han at i følgje den kvantemekaniske uskarpeleiksprinsippet så burde roterande svarte hol skape og sende ut partiklar.A Brief History of Time, Stephen Hawking, Bantam Books, 1988. Hawking-stråling reduserer massen og energien til svarte hol og vert derfor òg kalla fordamping. På grunn av dette vil svarte hol som mistar meir masse enn dei får tilført krumpe og til slutt forsvinne. Mikro-svarte hol (MBH) er trudd å sende ut meir stråling enn større svarte hol og derfor krympe og forsvinne raskare.

I september 2010 vart det hevda at ein hadde oppdaga eit signal nært knytt til Hawking-stråling i eit laboratorieeksperiment som omfattar optiske lyspulsar. Resultatet har derimot ikkje vorte verifisert og er omdiskutert.Hawking radiation from ultrashort laser pulse filaments Authors: F. Belgiorno, S.L. Cacciatori, M. Clerici, V. Gorini, G. Ortenzi, L. Rizzi, E. Rubino, V.G. Sala, D. Faccio http://arxiv.org/abs/1009.4634 Andre prosjekt er sett i gang for å finne denne strålinga, mellom anna sendte NASA i juni 2008 opp ein satellitt som skal leite etter gammaglimt som ein ventar å sjå fordampande svarte hol.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hawking radiation» frå , den 15. juni 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Svarte hòl Kategori:Kvantefeltteori Kategori:Stephen Hawking