Banco del Mutuo Soccorso er eit italiensk rockeband. Dei var eit populært progrockband i 1970-åra og er framleis aktive.
Historie Bandet var inspirert av progrockband frå England, særleg Gentle Giant, Jethro Tull og Emerson, Lake & Palmer, og klaverspelarane Vittorio Nocenzi og broren Gianni starta Banco del Mutuo Soccorso i Roma i Italia. Dei spelte seinare inn det første albumet sitt, Banco del Mutuo Soccorso i 1972, etterfølgd av Darwin!, og i 1973 Io sono nato libero. Heilt frå starten av var kjenneteiknet deira ein kompleks tekstur med piano, hammondorgel og synthesizerar spelt av Nocenzi-brørne, i tillegg til song av Francesco Di Giacomo. Ein nøye balanse mellom elektroniske og akustiske instrument, samt bruk av blåseinstrument, gjorde Banco til eit band med ein stadig meir original og innovative stil, med ei bland av rock, jazz og klassisk musikk.
Bandet vart populært i Italia og utanlands, og signerte kontrakt med Manticore Records i lag med Premiata Forneria Marconi. I 1975 kom Banco ut, ei samling av omsette songar i lag med nye songar, gjeve ut med den internasjonale marknaden som mål.
Seint i 1970-åra gjekk Banco del Mutuo Soccorso i nye retningar med eit filmmusikkalbum i 1976 for Garofano rosso og innspelingar med orkester i 1978 på ...di terra. Dei endra òg namn til berre Banco.
I 1980-åra bar musikken til Banco preg av lettare popmusikk og kortare songar, og dei fekk nokre hitsinglar. Gianni Nocenzi slutta i bandet for å starte ein solokarriere. Andre medlemmar kom og gjekk.
I 1990-åra tok dei attende det lengre namnet sitt og starta å spele songane sine frå 1970-åra igjen. Dei spelte akustiske versjonar av songane på somme konsertar og spelte inn dei første albuma på nytt. Dei spelte òg inn nye songar.
Bandet spelar framleis konsertar, men har ikkje gjeve ut ny musikk sidan 1997.
Diskografi
Studioalbum
År Tittel Italiensk salsliste Merknad 1972 Banco del Mutuo Soccorso5 1972Darwin!4 1973 Io sono nato libero10 1975 Banco10 inneheld engelske versjonar av songar frå tidlegare album 1976 Garofano rosso9 filmmusikk 1976 Come in un'ultima cena8 1978 …di terra med orkesteret dell'Unione Musicisti di Roma 1979 Canto di Primavera36 1980 Urgentissimo11 1981 Buone Notizie 1983 Banco23 1985 ...E Via42 1994 Il 13 1997 Nudo
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Banco del Mutuo Soccorso» frå , den 19. juni 2013. oppgav desse kjeldene:
'
Kategori:Italienske progressive rockegrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1969 Kategori:Symfoniske rockegrupper