Jan Ivar Bjerkan Devik () er ein norsk musikar, låtskrivar, arrangør og produsent.
Jan Devik tok over som bassist i Prudence i 1975, og deltok på plata Takk te dokk, som selde til sølvplate (over 15 000 eksemplar), og som Prudence vart tildelt Spellemannprisen for i klassa popmusikk. Han deltok òg på bandet sitt avskjedskonsert den 11. desember 1975. Denne vart seinare gjeve ut som dobbelalbum med namnet 11/12-75.
Han har mellom anna vore bassist i Junipher Greene, Folque, Janus, div. prog./jazzrock, Terje Tysland sitt Oh-la-la-lag, der han spelte bass saman med Kaare Skevik, og Helge Grøslie frå Junipher Greene på Terje sine to første solo-LP-ar. Han var aktiv studiomusiker på ei rekkje plateproduksjoner frå 1975, og deltek enno i diverse samanhengar.
Devik gav i 1982 ut solo-LP-en Spark på eige selskap, RRM. I 2007 gav han ut singelen «Olav Trygdvason». Han arbeider i musikkforlaget RRM saman med Bård Ingebrigtsen.
Diskografi Soloutgjevingar Album Spark (1982) Singlar Olav Trygdvason (2007)
Andre utgjevingar Med Prudence
Takk te dokk (1975) 11/12-75 (1976) Det det va (2005)
Med Åge Aleksandersen
7800 Namsos (1975) Beste (1977) Åge's utvalgte (1980) Åge Aleksandersens beste (1984) Åges beste 1972-1994 (1994) Åge Original (2001)
Med Terje Tysland
Stakkars klovn (1977) Mytji arti (1978) All samma opp igjæn (1980) For eitt mas! (1996) 25 år med gitter og stas (2002) Gull (2005) Andre plateutgjevingar Diverse artistar: 15 originale norske topper (1976) Erling Bonde: Nei vi elsker! (1980) Anne Lise Gjøstøl: Kom kom skal jeg si deg no (1980) Front Page: Qualified (1981) Mikkel Magnus: Mikkel Magnus ser rødt (1981) Snu: The Pest of «Snu» (1981) Diverse artistar: Trønder-Rock (1982) Diverse artistar: Norsk Rock (1983) Diverse artistar: Fine norske sommerlåter 3 (1994) Diverse artistar: Det beste av norsk musikk 1973-1977 (1998) Diverse artistar: Æ e trønder æ (2000) Diverse artistar: Norsk Rocks Historie Vol. 5: Fra Viserock til Rock på norsk 1969-1977 (2004) Diverse artistar: 96% låvedans 2 (2007) Diverse artistar: Låvedans (2007) Lydia Laska: We're Nothing Compared to Ourselves (2007) Diverse artistar: 96% låvedans 2 (2007) Lydia Laska: Could i Have a Go on Your Girl, Please? (2009) Lydia Laska: Krankenhaus (2010)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jan Devik» frå , den 23. juni 2013.
Kategori:Norske bassistar Kategori:Prudence-medlemmar Kategori:Folque-medlemmar Kategori:Folk frå Namsos