Brennecke Nunataks er ei gruppe store nunatakar på nordsida av toppen av Beaumontbreen sørvest i Holmes Hills sør i det sentrale Palmer Land. Dei vart kartlagde av US Geological Survey frå flyfoto tekne av U.S. Navy i 1966–69. I samband med at stader i nærleiken vart kalla opp etter oseanografar vart gruppa namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Carl Wilhelm A. Brennecke (1875–1924), ein tysk oseanograf som var tilsett i Deutsche Seewarte 1904–24 og som deltok på Den andre tyske antarktisekspedisjonen i 1911–12.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brennecke Nunataks» frå , den 9. juli 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Nunatakar i Palmer Land