mini|Hamna i Alghero
Alghero (katalansk l'Alguer, sardisk S'Alighèra) er ein by i provinsen Sassari nordvest på Sardinia i Italia. Kommunen, som ligg ved Middelhavet, har i kring 41 000 ibuarar og dekker eit areal på 224,4 km².
Språk og soge Italiensk er offisielt språk, men katalansk er også utbreidd i Alghero.
Inntrengarar frå Katalonia busette seg på staden etter å ha fordrive den opphavlege befolkninga i 1372. Katalansk var offisielt språk fram til 1600-talet. I dag talar eit mindretal av innbyggarane i Alghero ein katalansk dialekt. Dei siste lingvistiske undersøkingane viste at 22,4 % av folket har alguerisk katalansk som førstespråk, og at 90 % av innbyggarane i byen forstår språket.
Kjelder
Lingvistiske data fra Generalitat de Catalunya (pdf-format) Denne artikkelen bygger på «Alghero» frå , den 14. juli 2013.
Bakgrunnsstoff Algheros offisielle nettside
Kategori:Byar på Sardinia