Herbétet er eit 3 778 meter over havet høgt fjell i Gran Paradiso-massivet, eit fjellområde i Dei graiiske Alpane i regionen Aostadalen i Italia. Fjelltoppen ligg på fjellryggen mellom Val Sevaranche i vest og Val di Cogne i aust. Om lag 1,5 kilometer i luftlinje sør-sørvest for Herbétet reiser høgste fjellet i området, Gran Paradiso, seg, medan det nesthøgste, Grivola, ligg om lag fem kilometer nord for Herbétet. Alle tre fjelltoppane er innlemma i Gran Paradiso nasjonalpark.
Tre italienarar kleiv som dei fyrste til topps på Herbétet den 22. august 1873.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Herbétet» frå , den 16. juli 2013.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia