Last Cache Nunatak er den sørlegaste og siste nunataken på ryggen langs austveggen av Zaneveldbreen. Sjølv om han ikkje er stor, er han eit viktig landemerke på polarplatået i nærleiken av toppen av Shackletonbreen. Han fekk dette namnet av den sørlege geolog-gruppa frå New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE) (1961–62), som la det siste forsyningsdepoet sitt nær nunataken.

Kjelder

Kategori:Nunatakar i Ross Dependency Kategori:Dufek Coast