Tistedal kyrkje (tidlegare Tistedal kapell) er ei langkyrkje frå 1865 i Halden kommune i Østfold fylke. Byggverket er i teglstein og har 250 plassar.
Kyrkja vart teikna av stadsingeniør Gustav Blom Kielland, og ansvarleg for murararbeidet var Gunder Johnsen.
Kyrkja har glasmåleri i vindauga både i skipet og i koret. Biletet i altartavla vart måla av Laura Schultz i 1925 og syner Jesusbarnet i krubba med Maria og dyra rundt.
På kyrkjegarden står eit gravkapell frå 1928 (arkitekt: Martin Enger).
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kyrkjesøk – «Tistedal kirke» Lokalhistoriewiki – «Tistedal kirke»
Kategori:Kyrkjer i Halden Kategori:Kulturminne i Halden Kategori:Kyrkjer i Søndre Borgesyssel prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme Kategori:1865 i Noreg