mini|Denali/Mount McKinley
Denali eller Mount McKinley er den høgste fjelltoppen i Nord-Amerika, 6 194 meter over havet. Fjellet ligg sentralt i Denali nasjonalpark i fylket Denali Borough i delstaten Alaska i USA. Denali er del av fjellkjeda Alaska Range, ei fjellkjede som strekker seg aust/vest i det sørlege Alaska og inn i Canada.
Toppen av Denali vart nådd fyrste gongen 7. juni 1913 av ei klatregruppe leia av Hudson Stuck. Den fyrste kvinna på toppen av fjellet var Barbara Washburn i 1947.
Delstaten Alaska nyttar namnet Denali på fjellet, medan dei statlege styresmaktene sidan 1897 har nytta Mount McKinley, etter namnet USAs 25. president, William McKinley.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mount McKinley» frå , den 29. juli 2013.
Kategori:Fjell i Nord-Amerika Kategori:Høgaste punkt