mini|venstre|Aurskog kyrkje før andre verdskrig Aurskog kyrkje er ei trekyrkje (bindingsverk) i Aurskog-Høland kommune, Akershus fylke. Kyrkja vart teikna av Otto Schønheyder og oppført av byggmeister Günther Schüssler i 1881, men vigsla først den 2. juni året etter. Bygningskroppen har tilsynelatande eit par svært korte tverrarmar, men det er i praksis ei langkyrkje.
Kyrkjegarden er på den andre sida av fylkesveg 239. Der står eit gravkapell, Aurskog kapell, som vart teikna av B. Askvig og oppført i 1964. Bakgrunnsstoff Sigrid og Håkon Christie: Aurskog kirke i «Norges kirker»
Aurskog kirke på Kyrkjesøk
Kategori:Kyrkjer i Aurskog-Høland Kategori:Kulturminne i Aurskog-Høland Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Kyrkjer i Østre Borgesyssel prosti Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme Kategori:1882 i Noreg