Holter kyrkje er ei langkyrkje i Nannestad kommune i Akershus fylke.

Det stod ei stavkyrkje på staden i mellomalderen. Den kyrkja vi ser no, var resultat av ei utviding og ombygging i 1697 der veggane vart forhøgde. Det kan tyde på at dei allereie var lafta, sjølv om kyrkja vart omtala som stavkyrkje på 1600-talet.Norges kirker I 1877 vart kyrkja utvida med fem meter mot vest. Sakristiet vart utvida i 1953.

Domenico Erdmann restaurerte det gamle inventaret i 1917.

Bakgrunnsstoff Sigrid og Håkon Christie: Holter kirke i «Norges kirker»

Holter kyrkjelyd

Fotnotar

mini|venstre|Holter kyrkje, Akershus, ca. 1900-1910. Foto: C. Christensen Thomhav / Riksantikvaren

Kategori:Kyrkjer i Nannestad Kategori:Kulturminne i Nannestad Kategori:Norske kyrkjer frå 1690-åra Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme Kategori:Kyrkjer i Øvre Romerike prosti