Live in Europe er eit konsertalbum av det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival, som kom ut i 1973 med opptak frå Mardi Gras-turneen. Innspelinga er spesiell fordi det berre var tre att i bandet. Innspelinga vart gjeve ut trass i store protestar frå John Fogerty. Mange fans har hevda at det ikkje i røynda er eit konsertopptak føre eit publikum, men opptak frå øvingane med publikumslydar lagt til. Dette er særleg merkbart under opninga og første verset av «Proud Mary»).
Innhald Alle songar av John Fogerty, utanom der andre er nemnde. Side ein «Born on the Bayou» – 5:05 «Green River/Suzie Q» (Fogerty/Eleanor Broadwater, Dale Hawkins, Stanley S. Lewis) - 4:31 «It Came Out of the Sky» – 3:11 Side to «Door to Door» (Stu Cook) – 2:00 «Travelin' Band» – 2:12 «Fortunate Son» – 2:25 «Commotion» – 2:34 «Lodi» – 3:15 Side tre «Bad Moon Rising» – 2:13 «Proud Mary» – 2:52 «Up Around the Bend» – 2:42 «Hey Tonight» – 2:30 «Sweet Hitch-Hiker» – 3:05 Side fire «Keep on Chooglin'» – 12:47
Ei nyutgjeving i 1987 hadde ikkje med «Door To Door» og «Sweet Hitch-Hiker».
Medverkande John Fogerty: gitarar, munnspel, solovokal Stu Cook: bassgitar, vokal Doug Clifford: trommer
Lister Album År Liste Plassering1973Pop Albums#143
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Live in Europe (Creedence Clearwater Revival album)» frå , den 17. august 2013.
Kategori:Creedence Clearwater Revival-album Kategori:Konsertalbum frå 1973 Kategori:Fantasy Records-album