Neil Leslie Diamond () er ein amerikansk songar og låtskrivar som starta karrieren sin i 1960-åra. Diamond har selt over 125 millionar plater verda over. Han vert rekna som den tredje mest suksessrike adult contemporary-artisten gjennom tidene på Billboard-lista bak Barbra Streisand og Elton John. Songane hans har vorte spelt inn av mange andre artistar innan forskjellige sjangrar.

Diamond vart innlemma i Songwriters Hall of Fame i 1984 og i Rock and Roll Hall of Fame i 2011. I tillegg har han fått Sammy Cahn Lifetime Achievement Award i 2000 og i 2011 vart han gjort ære på ved Kennedy Center Honors. På Hot 100- og Adult Contemporary-listene har Diamond hatt ti songar på toppen: «Cracklin' Rosie», «Song Sung Blue», «Longfellow Serenade», «I've Been This Way Before», «If You Know What I Mean», «Desiree», «You Don't Bring Me Flowers», «America», «Yesterday's Songs» og «Heartlight». Diamond er framleis aktiv og gjev stundom ut nye plater og legg ut på lange turnear.

Barndom og utdanning Diamond var fødd i Brooklyn i New York i ein jødisk familie som stamma frå russiske og polske emigrantar. Foreldra hans var Rose (fødd Rapaport) og Akeeba «Kieve» Diamond, ein manufakturvareforhandlar. Diamond voks opp fleire stader i Brooklyn, og gjekk på Abraham Lincoln High School.Boyer, David. "Neighborhood Report: Flatbush: Grads Hail Erasmus as It Enters a Fourth Century", The New York Times, March 11, 2001. Henta 19. august 2013.Hechinger, Fred M. "About Education: Personal Touch Helps", The New York Times, January 1, 1980. Henta 19. august 2013. "Lincoln, an ordinary, unselective New York City high school, is proud of a galaxy of prominent alumni, who include the playwright Arthur Miller, Representative Elizabeth Holtzman, the authors Joseph Heller and Ken Auletta, the produsent Mel Brooks, the synging Neil Diamond and the songwriter Neil Sedaka."

Ved Lincoln vart han medlem av ein fekteklubb. Han gjekk seinare på New York University med eit fektestipend, og spesialiserte seg i sabel, og var i 1960 medlem av NCAA-laget i fekting. Han har halde fram med fekting i vaksen alder og har brukt å varme opp til konsertane sine med fekting.

Ønsket hans i livet var å arbeide innan medisin, som han forklarte i eit intervju med Larry King:

Siste året hans på New York University gav eit musikkforlag han eit tilbod han ikkje kunne takke nei til: eit tilbod om å skrive songar for 50 dollar i veka. Dette var starten på vegen til stjernene.

Personleg liv mini|Diamond ved ein seremoni der han mottok ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i august 2012 Neil Diamond har vore gift tre gonger. I 1963 gifta han seg med skulekjærasten, Jaye Posner, og dei fekk to døtrer, Marjorie og Elyn, før dei vart separert i 1967 og skild i 1969. Diamond gifta seg så med Marcia Murphey, ein produksjonsassistent, og dei fekk òg to barn, sønene Jesse og Micah. Det andre ekteskapet til Diamond enda i 1994 eller 1995 (kjeldene varierer).

7. september 2011 annonserte Diamond at han hadde trulova seg med 41 år gamle Katie McNeil i ei melding på Twitter. McNeil er manageren til Diamond og var produsent for dokumentaren Neil Diamond: Hot August Nights NYC.Fernandez, Sofia M. (September 7, 2011). "Neil Diamond Engaged to Manager Katie McNeil". The Hollywood Reporter. Dei gifta seg 21. april 2012 i Los Angeles i California.

I 1979 kollapsa Diamond på scenen i San Francisco og vart køyrt til sjukehus der han måtte ha ein tolv timar lang operasjon for å fjerne det som viste seg å vere ein svulst på ryggraden hans.Juke Magazine, June 9, 1983. Han sa han hadde mista kjensla i høgrefoten fleire gonger i åra før, men ignorert det. Han måtte gjennom ein lang rehabiliteringsprosess, like før filminga av filmen hans The Jazz Singer. Han var så overtydd han kom til å døy at han skreiv avskjedsbrev til venene sine.

Diamond er kjend for å ha på seg fargerike skjorter på scenen. Diamond har sagt at dette kom av at alle i publikum skulle ha høve til å sjå han utan å bruke kikkert.Interview, An Audience With Neil Diamond, transmitted on 31 May 2008 (ITV1). Bill Whitten designa og laga skjorter for Diamond frå 1970-åra og fram til kring 2007."Neil Diamond: the hurt, the dirt, the shirts". The Telegraph. May 3, 2008.

Karriere

1960-åra Den første platekontrakten til Diamond var for ein duo kalla «Neil and Jack», ein Everly Brothers–liknande duo som bestod av Diamond og skulekameraten Jack Packer *(Jack Parker). Dei spelte inn to singlar, «You Are My Love At Last» med «What Will I Do» og «I'm Afraid» med «Till You've Tried Love», begge kom ut i 1962, men selde dårleg. Seinare i 1962 signerte Diamond kontrakt med Columbia Records som soloartist. Columbia Records gav ut singelen «At Night» med «Clown Town» i juli 1963. Billboard skreiv varmt om «Clown Town» i utgåva som kom ut 13. juli 1963, og spådde at det kom til å bli ein hit. Trass i ein tur til mange radiostasjonar, gjekk ikkje singelen inn på listene. Sala var skuffande og Columbia droppa Diamond frå kontrakten kort tid etter. Diamond var attende skrive songar på eit piano i etasjen over Birdland Club i New York City.

Diamond var låtskrivar i Brill Building i den tidlege karrieren sin. Den første suksessen han fekk som låtskrivar kom i november 1965 med «Sunday and Me» som nådde Topp 20 for Jay and the Americans på Billboard-lista. Han fekk større skusess med «I'm a Believer», «A Little Bit Me, A Little Bit You», «Look Out (Here Comes Tomorrow)» og «Love to Love», alle av The Monkees. Mange har trudd at Diamond skreiv desse songane spesifikt for den oppdikta fjernsyns-kvartetten. I røynda hadde Diamond skrive og spelt inn desse songane for seg sjølv, men versjonane til The Monkees vart gjeven ut før hans versjonar.Interview, Friday Night with Jonathan Ross, sendt 23. mai 2008 (BBC One). Den utilsikta konsekvensen av dette var at Diamond byrja å bli kjend ikkje berre som songar og artist, men som låtskrivar. «I'm a Believer» vart kåra til årets popsong i 1966. Andre kjende artistar som spelte inn tidlege Diamond-songar var Elvis Presley, som tolka «Sweet Caroline» og «And the Grass Won't Pay No Mind», Mark Lindsay, tidlegare frontmann i Paul Revere & the Raiders, som song «And the Grass Won't Pay No Mind»; den engelske hardrockgruppa Deep Purple, som tolka «Kentucky Woman»; Lulu, som song «The Boat That I Row» og Cliff Richard, som gav ut versjonar av «I'll Come Running», «Solitary Man», «Girl, You'll Be a Woman Soon», «I Got the Feelin' (Oh No No)» og «Just Another Guy».

I 1966 signerte Diamond ein avtale med Bert Berns sitt Bang Records, som då var underlagt Atlantic Records. Den første utgjevinga hans for selskapet, «Solitary Man», vart den første hitten hans. Før utgjevinga av «Solitary Man» hadde Diamond vurdert å bruke scenenamn, og kom opp med to forslag, «Noah Kaminsky» og «Eice Charry». Men då han spurte Bang Records om kva namn han skulle bruke, Noah, Eice eller Neil, tenkte han på bestemora, som døydde like før utgjevinga av «Solitary Man». Han sa derfor til Bang, «...ta Neil Diamond og så finn eg ut av det seinare». Diamond følgde seinare opp med «Cherry, Cherry», «Kentucky Woman», «Thank the Lord for the Night Time», «Do It» og andre. Diamond sine Bang-innspelingar vart produserte av dei legendariske Brill Building-låtskrivarane Jeff Barry og Ellie Greenwich, som begge syng korvokal på fleire av songane.

På den første konserten hans var han «spesiell gjest» for eller oppvarming for alt frå Herman's Hermits til The Who.

Diamond byrja å føle seg avgrensa av Bang Records, og ønskte å spele inn meir ambisiøs og sjølvgranskande musikk, som den sjølvbiografiske «Brooklyn Roads» frå 1968. Han fann eit smutthol i kontrakten sin og Diamond prøvde å signere ein ny kontrakt med eit nytt selskap. Resultatet var ei rekkje søksmål som kom samstundes med ein nedgang i karrieren hans. Diamond vann til slutt i retten og sikra seg eigarskap over innspelingane sine for Bang i 1977.

1970-åra Etter at Diamond hadde signert ein avtale i 1968 med MCA Records, som på den tida hadde etiketten Uni (etter Universal Pictures, eigd av MCA), flytta han til Los Angeles i 1970. Stilen hans vart mildare med songar som «Sweet Caroline» og «Holly Holy» i 1969, «Cracklin' Rosie» i 1970 og «Song Sung Blue» i 1972, sistnemnde nådde toppen av Hot 100-lista i USA. «Sweet Caroline» vart den første store hitten til Diamond etter nedgangsperioden. Diamond sa i 2007 at han hadde skrive «Sweet Caroline» for Caroline Kennedy etter å ha sett ho på omslaget til Life i rideutstyr.CBS "Sunday Morning" November 5, 2008 Det tok han berre ein time å skrive songen på eit hotell i Memphis. I 1971 kom «I Am... I Said» som nådde Topp 5 både i USA og Storbritannia, ein song det tok opp mot fire månader å gjere ferdig.

I 1972 spelte Diamond 10 utselde konsertar ved Greek Theatre i Los Angeles. Konserten frå den 24. august vart festa på lydband og gjeve ut som det doble konsertalbumet Hot August Night (tittelen er opningsorda i songen «Brother Love's Traveling Salvation Show»). Den hausten spelte han 20 konsertar på rad i Winter Garden Theater i New York City. Den vesle konsertstaden med kring 1600 seter gav ein intim setting som ikkje var vanleg på den tida. Visstnok var kvar konsert utseld.

Hot August Night syner Diamond som ein dugande artist og showmann, der han spelar gjennom gamle hittar med ny energi. Mange reknar albumet som det beste verket hans og kritikar Stephen Thomas Erlewine skreiv at Hot August Night var «den ultimate Neil Diamond-plata... [som] syner ikonet Diamond i full prakt».[ Allmusic.com Hot August Night] I Australia vart albumet liggande på toppen av salslista i heile 29 veker og i 2006 vart det plassert på 16. plass i ein lesarundersøking om tidenes favorittalbum i Australia.ABC Australia My Favourite Albums . Abc.net.au. Henta 19. august 2013. Den siste konserten til Diamond på den australske turneen hans i 1976 vart send til 36 TV-kanalar over heile landet den 6. mars. Han sette òg rekord for det største publikumet ved Sydney Sports Ground. Konserten i 1977, Love at the Greek, var eit nytt konsertalbum frå Greek Theatre, som inneheld ein versjon av «Song Sung Blue» i duettar med Helen Reddy og Henry Winkler, som òg er kjend som Arthur «The Fonz» Fonzarelli frå Happy Days.

I 1973 skifta Diamond selskap igjen og gjekk attende til Columbia Records der han fekk ein million dollar i forskot per album.* Johnson, Anne Janette "Neil Diamond Biography", Musician Guide Det første prosjektet hans, gjeve ut som eit soloalbum, var filmmusikken til Hall Bartlett-filmen Jonathan Livingston Seagull. Filmen fekk dårleg kritikk og gjekk dårleg. Albumet skapte større inntening enn filmen. Richard Bach, som hadde skrive historia i filmen, kritiserte filmen. Både Bach og Diamond saksøkte regissøren Bartlett; Bach fordi han følte filmen tok bort for mykje av den originale novella, og Diamond fordi han følte filmen hadde slakta musikken hans.«After Jonathan», sa Diamond, «sverga eg at ikkje skulle bli involvert i ein film, med mindre eg hadde full kontroll». Bartlett svart på søksmålet til Diamond ved å kritisere musikken hans og kalla han «for glatt...og ikkje frå hjartet slik det pleidde å vere». Bartlett sa derimot òg at «Neil er uvanleg talentfull. Ofte er arrogansen hans berre for å dekke over den einsame og usikre personen under».

Trass i kontroversen kring filmen, vart filmmusikken ein suksess og nådde andreplassen på Billboard-lista. Diamond fekk òg ein Golden Globe Award for beste originale musikk og Grammy-prisen for beste filmmusikk. Frå der tok Diamond ofte med Jonathan Livingston Seagull-suiten i konsertane sine, og det same gjorde han på «Love at The Greek»-konserten i 1977. I 1974 gav Diamond ut albumet Serenade, med singlane «Longfellow Serenade» og «I've Been This Way Before». Sistnemnde hadde vore meint for Jonathan Livingston Seagull, men vart ikkje ferdig i tide for å vere med i filmen. mini|Opningskonserten ved Aladdin Theater for the Performing Arts den 2. juli 1976