«Play Me» er ein song frå 1972 av Neil Diamond frå albumet hans Moods. Songen var den første singelen frå Moods, og vart spelt inn i februar 1972 i Los Angeles. Han vart gjeven ut som singel i mai 1972 og nådde 11. plassen på singellista i USA i september det året. Han var lista av Billboard på 27. plass på lista deira over dei 30 beste songane hans.

Den «fengjande poprock-songen» er ein vals i middels tempo, med brotne akkordar spelt på akustisk gitar, spelt av Richard Bennett. Bennett hadde spelt på nokre få songar på Diamond-albumet Stones i 1971. Moods var det første heile albumet han deltok på med han, og han spelte på alle Diamond-albuma etter det fram til 1987, og turnerte med han i 17 år.

Mottaking «Play Me» er ein publikumsfavoritt, særleg blant kvinnene som ber plakatar med «Neil, Play Me» på konsertane hans I følgje Melissa Ruggieri som skreiv for Media General om ein konsert i 2008: Diamond [i ein alder av 67] har framleis evnen til å sjarmere, sjølv om han ikkje gjorde stort anna enn å riste litt på augnebryna mot kvinnene i publikum og lokka fram tenåringsliknande hyl—særleg 'Play Me' hadde ein bisarr pirrande effekt."

Visesongaren Mary Lee Kortes spelte songen i 2000 i New York, og indikerte at ho hadde mista jomfrudomen til songen. Nancy Sinatra sa «'Play Me' er min favoritt [Neil Diamond]-song, fordi han er sexy.»

Han vert òg hylla av kritikarar og musikarar og vert rekna som ein av dei topp ti favorittsongane til den amerikanske forfattaren og kritikaren David Wild. Wild trekte særleg fram linjene «You are the sun, I am the moon, / You are the words, I am the tune, / Play me», og andre forfattarar har sitert desse linjene òg. Teksten har òg vorte kritisert. Janice Kennedy sa om songen at han var «ei øving i nagl på tavle-smerte: 'Song she sang to me, song she brang to me.'» Martin Pearson kritiserte òg den linja og sa «Ugh! It's "brought", you horrible little American!»

Andre versjonar Jose Feliciano Josh Groban U2

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Play Me» frå , den 28. august 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Songar skrivne av Neil Diamond Kategori:José Feliciano-songar Kategori:Josh Groban-songar