mini|Andsnes Andsnes er ei så godt som fråflytt bygd i Loppa kommune i Finnmark fylke. Bygda er den aller vestlegaste busetnaden i Finnmark fylke. Andsnes ligg ved Lopphavet, lengst vest på halvøya mellom fjorden Kvænangen og Lopphavet.
Andsnes har vegsamband til bygda Segelvik i Kvænangen kommune, tre kilometer sør for Andsnes. Bygda hadde i si tid postkontor ved namn Brynilen, i dag er postadressa 9186 Andsnes.
I fylgje folketeljinga 1910 budde 83 menneske i bygda, dei fleste sysselsett med fiskeri, nokre dreiv i tillegg med jordbruk. Her var også to landhandlarar. 1. januar 2017 hadde bygda berre ein fastbuande.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Andsnes» frå , den 31. august 2013.
Bakgrunnsstoff Bilete frå Loppa kommune privat heimeside Natur i Nord-Troms
Kategori:Bygder i Finnmark Kategori:Geografi i Loppa