Amperhaugen er ein gard som ligg ved foten av Rondane nasjonalpark. Garden er open for gjester og tilbyr overnatting i eiga leilegheit, på setra eller i eit gamalt skulehus i nærleiken av garden.
Dei eldste bygningane på garden vart bygde omkring 1700-talet. Det nyaste byggverket er frå 1996, men er bygd i gamal stil.
Garden vart heidra med Olavsrosa den 1. september 2012. Prisen vart tildelt garden av di han er ein viktig arena for å halde bygdekultur og bygningstradisjonar i Østerdalen i hevd.
Kjelder
Kategori:Olavsrosa Kategori:Gardar i Innlandet