mini|Fausko Skysstasjon sett frå lufta. Fausko Skysstasjon er ein gard som ligg på Tuv i Hemsedal kommune. Her vart det skipa hotelldrift og landhandel på 1870-talet, og garden var lenge skysstasjon for postgang mellom Aust- og Vestlandet. Verksemda i dag tilbyr 18 rom og overnatting med 44 sengeplassar. Her er også konferanseanleg, og fleire fellesrom, og det vert servert mange lokale retter.

Fausko er ein økologisk driven fjellgard som ligg på 660 m.o.h. Han har 130 dekar dyrka jord, 950 dekar blandingsskog og 450 dekar med annan privat eigedom. Delen i 55 000 dekar private fjelleigedomar er i felles eige med 4 andre gardsbruk i området Grøndalen, Fjellstølane, Holstein, Vavatn, Vabuleino, Harahorn, Ranastongi og Hydalen. Fjellområda ligg i grense med Valdres, og ligg mellom 900 og 1900 m.o.h. Her er det kulturminne frå fangstliv og jegerkultur tilbake til steinalderen. Store delar av fjelleigendomane er i dag verna natur.

Fausko vart restaurert i 1990. Garden har fått tildelt den nasjonale bygdeutviklingsprisen, NHO`s nyskapingspris og Olavsrosa frå stiftelsen Norsk Kulturarv

Kjelder

Bakgrunnsstoff fausko.no - Offisiell heimeside

Kategori:Gardar i Buskerud Kategori:Byggverk i Hemsedal Kategori:Samferdsle i Hemsedal Kategori:Olavsrosa