Mários Tofí () er ein gresk-kypriotisk songar, låtskrivar, dansar og modell.

Tofí har kypriotiske foreldre, og budde i Ammókhostos på Kypros frå han var fem år. Frå åtteårsalderen har han syna ei interesse og lidenskap for musikk, song og dans. Han fekk ei vid musikalsk utdanning, og har studert piano, tenorsaksofon, musikkteori og teke vokalkurs. Tofí har òg studert klassisk ballett, latin og flamenco i sju år. Han pratar gresk og engelsk og studerer spansk- og fransk-leksjonar. Han syng på gresk, engelsk, spansk, italiensk, fransk og andre språk. Tofí har sunge på mange konsertar og festivalar i land som Storbritannia, Latvia, Litauen, Bulgaria, Polen, Spania, Italia, Malta, Noreg, Estland, Makedonia, Tsjekkia, Kviterussland, Tyskland, Romania, Hellas og Kypros. Han har òg samarbeida med greske, kypriotiske og europeiske songarar på konsertar og direktesendte fjernsynsprogram i fleire land.

Eurovision Junior Eurovision Song Contest 2004 7. september 2004 vart Tofí vald ut mellom 54 deltakarar til å representere Kypros i Junior Eurovision Song Contest 2004 på Lillehammer i Noreg. Songen «Ónira», skriven av Tofí sjølv, vart framført på gresk. Bidraget enda på åttandeplass med 61 poeng; tolv frå Hellas, åtte frå Malta og Storbritannia, seks frå Makedonia, fem frå Kroatia, Spania og Romania, fire frå Kviterussland, tre frå Nederland, to frå Latvia og eitt frå Sveits, Danmark og Belgia.

A Song for Europe I februar 2006 var Tofí ein av dei ti finalistane i A Song for Europe, den kypriotiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2006 i Aten i Hellas. Han enda til slutt på andreplass med songen «Congratulations»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marios Tofi» frå , den 7. september 2013.

Kategori:Greske songarar Kategori:Greske låtskrivarar Kategori:Greske dansarar Kategori:Greske modellar Kategori:Kypriotiske songarar Kategori:Kypriotiske låtskrivarar Kategori:Kypriotiske dansarar Kategori:Kypriotiske modellar Kategori:Junior Eurovision Song Contest 2004-deltakarar Kategori:Kypriotiske Junior Eurovision Song Contest-deltakarar