Edvard Grieg-feltet (som funn kalla Luno) er eit oljefelt som ligg i blokk 16/1 på norsk kontinentalsokkel i den midtre delen av Nordsjøen, omtrent 180 kilometer vest for Stavanger. Feltet vart funne i 2007, og fekk då namnet Luno. Oljefeltet skifta namn 13. april 2012 frå Luno til Edvard Grieg, etter forslag frå operatøren Lundin. Feltet vart oppkalla etter komponisten Edvard Grieg. Produksjonen på Edvard Grieg skal samordnast med nabofeltet Ivar Aasen (tidlegare Draupne), der Det norske oljeselskap er operatør.
Lisensen for Edvard Grieg-feltet er PL338, og Lundin er operatør med , Wintershall eig , Equinor (bytt til seg frå Wintershall) og OMV (Norge) AS eig i feltet.
Bakgrunnsstoff OM Edvard Grieg-feltet på nettstaden til Oljedirektoratet Olje og energidepartementet: «Edvard Grieg-feltet: starten på et nytt kapittel i norsk oljehistorie» (Pressemelding 13. april 2012)
Kategori:Norske oljefelt