Marifjøra skipreide var ei av atten skipreider i Sogn.Arkivverket Namnet kom av strandstaden Marifjøra som var tingstad for skipreidet.

Geografisk femna ho om følgjande område, som no høyrer til Luster kommune: Joranger sokn Fet sokn (unnateke Baten og Eikeberg) del av Urnes sokn (Notedal, Indre Eikjo og Vedvik) del av Gaupne sokn (Leirdal)

Heile Gaupne sokn høyrde til Marifjøra skipreide fram til 1565, då sokna (unnateke Leirdal) vart overført til Luster skipreide, i samband med at Dale len vart skipa. Det er av den grunn at dei to naboskipreidene var så ujamne i storleik. På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1840 vart Leirdal overflytta til Luster tinglag.Arkivverket 1890 vart så Marifjøra og Solvorn tinglag slegne saman til Hafslo tinglag, tilsvarande kommunen med same namn.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Kart over Sogn og Fjordane med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)

Kategori:Luster kommune Kategori:Skipreider