Ole Torgersen Gillebo () var ein norsk bonde og ordførar frå Øyer i Oppland som var stortingsrepresentant for Venstre.

I yngre år gjekk Gillebo eit kurs på amtsskulen. Han dreiv så farsgarden frå 1884, var kommunestyremedlem frå 1887 og ordførar i Øyer frå 1896. Mellom mange kommunale verv var han formann i skulestyret. Kasserar i den lokale sparebanken frå 1894.

Han var 1898-1904 medlem av amtsskulestyret og 1902-10 av tilsynskomiteen for Hamar-Ottabanen. Styremedlem i Noregs Bank si avdeling Lillehammer frå 1903 til 1935.

Gillebo var vararepresentant til Stortinget 1895-97 og 1898-1900. Perioden 1904-06 representerte han amtet og partiet Venstre på Stortinget som i 1905 løyste opp unionen mellom Noreg og Sverige. For sitt bidrag i så måte vart han tildelt Medaljen for borgardåd, 7. juni-medaljen og Kong Haakon VIIs jubileumsmedalje 1905–30. Han hadde i stortingsperioden sete i gasje- og pensjonskomiteen.

Sonen, norskamerikanaren I.O. Gillebo ,laga ei klubbe som i 1949 vart gitt som gåve til Stortingspresidenten, og som framleis er i bruk.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Medaljen for borgardåd Kategori:Ordførarar i Øyer Kategori:Venstreordførarar i Oppland Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Øyer