Vigra sokn er eit kyrkjesokn i Møre bispedøme i Den norske kyrkja. Det ligg under Nordre Sunnmøre prosti, og femner øya Vigra i Giske kommune.

Soknekyrkje for området er Vigra kyrkje frå 1894 på Blindheimsreset. Før ho vart bygd låg kyrkjestaden for Vigra på Roald, og soknet heitte tidlegare Roald sokn. Roald går attende til mellomalderen som kyrkjestad. Det tidlegaste ein finn nemnd ei kyrkje på Vigra er i 1429, men det er nemnd ein prest på Vigra («sira Lodne i Vigr») alt i 1291.

Vigra sokn høyrde til Borgund prestegjeld til 1702 då soknet vart skild ut som del av Haram prestegjeld. Haram og Vigra hadde frå 1589 vore eige kappelani under Borgund. I 1966 vart Giske prestegjeld danna av Vigra sokn og Giske sokn, og Vigra høyrde til Giske prestegjeld til prestegjeldsordninga vart fasa ut frå 2004.

Området var eigen kommune frå 1890 til 1964, fyrst kalla Roald herad, sidan Vigra kommune.

Referansar

Bakgrunnsstoff Om Vigra kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Nøkkeltal om Vigra sokn i Kyrkjedatabasen (Norsk sammfunnsvitenskapelig datatjeneste) kyrkjevalet.no: «Vigra sokn» Forvaltningsdatabasen: «PRESTESKAPET I GISKE, VALDERØY OG VIGRA SOKN» Skanna kyrkjebøker. Digitalarkivet Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og geistleg inndeling

Kategori:Sokn i Nordre Sunnmøre prosti Kategori:Giske kommune