12 Songs er det 26. studioalbumet til Neil Diamond, gjeve ut i 2005. Det var produsert av Rick Rubin og vert stundom feilaktig omtalt som det første Diamond-albumet sidan Bang Records-tida der Diamond speler gitar.
Arbeidstittelen for albumet var berre Neil Diamond.
Historie Arbeidet med albumet byrja etter Diamond var ferdig med turneen etter Three Chord Opera i 2002. Han reiste til hytta si i Colorado og var tidvis innesnødd der, slik at han fekk tid til å skrive nye songar. Ikkje lenge etter møtte Diamond Rick Rubin. Rubin var interessert i å arbeide med Diamond og dei to kom saman fleire gonger før dei gjekk i studio.
Rubin ønskte å nytte albuma Diamond laga for Bang og tidleg Uni som eit springbrett og oppfordra Diamond til å skrive songar det neste året. Då dei hadde mange nok songar, kalla Rubin inn somme av dei same musikarane han hadde nytta for Johnny Cash sine American Recordings, mellom anna Tom Petty-musikarane Mike Campbell og Benmont Tench, og oppfordra Diamond til å sjølv spele gitar i studio. Innspelingane vart dei aller siste for organisten Billy Preston, som døydde i juni 2006.
Det endelege resultatet, 12 Songs, vart eit av dei mest suksessrike og kritikarroste studioalbuma til Diamond på mange år og debuterte på fjerdeplassen på Billboard 200 i USA. Rubin påverka Diamond utover albumet og på den påfølgjande turneen nytta Diamond eit tettare og enklare arrangement på dei klassiske songane sine og spelte sjølv meir gitar på scenen enn han hadde gjort sidan 1970-åra.
Innhald
Medverkande Neil Diamond - gitar, vokal. David Campbell - blåse- og strykearrangement. Mike Campbell - gitar Lenny Castro - perkusjon Smokey Hormel - gitar Larry Knechtel - piano Roger Joseph Manning jr. - piano Pat McLaughlin - gitar Jonny Polonsky - kontrabass, gitar Billy Preston -Hammond B3 Jason Sinay - gitar Benmont Tench - orgel, piano Patrick Warren -Chamberlin
Kopivern I november 2005 vart det kjend at Sony BMG distribuerte album med Extended Copy Protection eller XCP-vern, noko som installerte programvare på Microsoft Windows-maskinar plata vart starta på. Dette hindra plata frå å kunne kopierast og gjorde maskina utsett for farlege virusåtak gjennom den utrygge programvaren som vart installert. Rubin har sagt at han og Diamond var ukjend med dette og begge vart rasande.
I desember 2005 gav Sony BMG ut plata på ny utan dette kopivernet.
Lister Liste (2005–2006)Plassering
Kjelder Denne artikkelen bygger på «12 Songs (Neil Diamond album)» frå , den 22. september 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Are You Affected By Sony-BMG's Rootkit? (November 9, 2005) from Electronic Frontier Foundation
Kategori:Album produserte av Rick Rubin Kategori:Neil Diamond-album Kategori:Musikkalbum frå 2005 Kategori:Columbia Records-album Kategori:Engelskspråklege album