Ola Elvestuen () er ein norsk politikar for Venstre. Han var klima- og miljøminister i regjeringa Solberg frå 17. januar 2018 til 24. januar 2020. Elvestuen var nestleiar i Venstre frå 2008 til 2020, og han var innvald på Stortinget frå Oslo fra 2013 til 2025, etter å ha vore vararepresentant sidan 2001. Elvestuen var byråd for miljø og samferdsle i Oslo frå oktober 2011 til september 2013, og leiar i Oslo bystyre sin komité for byutvikling i perioden 2003–2011.
Bakgrunn Ola Elvestuen er frå Vestre Toten. Han er bror av journalisten og illustratøren Per Elvestuen.
Elvestuen studerte i åra 1989–1994 cand.mag. ved Universitetet i Oslo, med sosialantropologi, mellomfag i statsvitskap. Han har også gjennomført sjefskurset ved Forsvarets høgskole.http://www.venstre.no/troms/sorreisa/artikkel/42007/
Stortingskomitear Ola Elvestuen blei vald inn på Stortinget for Oslo i 2013 og var vararepresentant mellom 2001 og 2013.
2021–2025: Medlem av Energi- og miljøkomiteen 2013–2018: Leiar av Energi- og miljøkomiteen 2020–2021: Medlem av Finanskomiteen 2020–2020: Medlem av Utanriks- og forsvarskomiteen
I perioden 2013 til 2018 var Elvestuen den parlamentariske nestleiaren for Venstre, noko han også var igjen frå 2020 til 2021.
Regjering Ola Elvestuen var ein av tre statsrådar frå Venstre då partiet gjekk inn i Erna Solberg si regjering i januar 2018.
2018–2020: Klima- og miljøminister i Klima- og miljødepartementet
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ola Elvestuen» frå , den 30. september 2013.
Bakgrunnsstoff
Ola Elvestuen hos Venstre
Kategori:Norske miljøvernministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Byrådar i Oslo Kategori:Venstrepolitikarar i Oslo Kategori:Folk frå Vestre Toten