«Stay with Me» (ofte kalla «Stay with Me Baby») er ein song skriven av Jerry Ragovoy og George David Weiss.[ Allmusic.com - Song overview] Han vart først spelt inn i 1966 av Lorraine Ellison,Joel Whitburn, Billboard Top Pop Singles 1955-2002, 2003, ISBN 0-89820-155-1 og produsert av Ragovoy.

Ellison spelte inn «Stay With Me» i full fart etter at studioet vart ledig då Frank Sinatra kansellerte studiotida si der.Songfacts.com Warner Bros. Records hadde alt hyra inn eit 46 mann stort orkester og bad Ragovoy, med berre to dagars varsel, om å ta over studiotida utan kostnadar. Ragovoy og arrangøren Garry Sherman arbeidde på orkesterarrangementet av songen, og kalla Ellison til studioet for å spele inn songen i lag med orkesteret. Innspelinga vart styrt av lydteknikaren Phil Ramone.Sleeve notes of Ellison compilation , by Al Kooper]

«Stay With Me» vart gjeven ut som singel av Warner og gjekk inn i USA på Billboard R&B-lista den 15. oktober 1966 og nådde 11. plassen. På Billboard Hot 100 nådde singelen 64. plassen. Oppfølgjaren hennar, «Heart Be Still», vart ein liten hit i 1967.[ Allmusic.com - Charts & Awards]

Songen har vore med på mange samlealbum gjennom åra.[ Allmusic.com - Album review]

Andre versjonar «Stay With Me» har blitt spelt inn av mange artistar, som Bette Midler i filmen The Rose. Andre versjonar er gjort av The Walker Brothers, David Essex, Ruby Turner, Rebecca Wheatley, Genya Ravan, Terry Reid, Long John Baldry, Sharon Tandy og Les Fleur de Lys, Natalie Cole, Jimmy Witherspoon, Kiki Dee, Shirley Brown, Sam Brown, Trine Rein, Whitesnake, Ronnie Montrose og Duffy. Duffy-versjonen vart gjeven ut på filmmusikkalbumet til den britiske komedien The Boat That Rocked i 2009, sjølv om det var originalversjonen som vart nytta i filmen. Dei fire første nemnde artistar fekk alle sine versjonar inn på UK Singles Chart. Han vart framført av Karise Eden den 17. juni i 2012 i finalen av The Voice Australia og versjonen hennar nådde toppen av ARIA Singles Chart.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stay with Me (Lorraine Ellison song)» frå , den 30. september 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Songteksten på Lyricsbay.com

Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Songar skrivne av Jerry Ragavoy Kategori:Songar skrivne av George David Weiss Kategori:Soulballadar Kategori:The Walker Brothers-songar Kategori:Bette Midler-songar Kategori:Kiki Dee-songar Kategori:Natalie Cole-songar Kategori:Sam Brown-songar Kategori:Trine Rein-songar Kategori:Whitesnake-songar Kategori:Duffy-songar