Goa skipreide (Guða skipreiða) var ei av skipreidene på Jæren, oppkalla etter grenda Goa i Randaberg.

Geografisk femna ho om:Arkivverket: Matrikkel 1838 Randaberg sokn (no Randaberg kommune) Madla sokn (no Madla bydel i Stavanger kommune) nordre delen av Hetland sokn (no nordre delen av Stavanger kommune: Tasta, Eiganes, Bekkefaret, Hillevåg og austover, unnateke Austre Åmøy)

På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og Goa skipreide vart nemnd Goa tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: Derfor vart Goa tinglag oppløyst 1850Norges folk og land og erstatta av dei nye Hetland tinglag og Håland tinglag.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Kart over Rogaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)

Kategori:Skipreider Kategori:Geografi i Stavanger Kategori:Historie i Stavanger Kategori:Geografi i Randaberg Kategori:Historie i Randaberg