Mortensrud kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 2002 i Søndre Nordstrand, Oslo kommune. Ho er teikna av arkitektane Jan Olav Jensen og Børre Skodvin frå Jensen & Skodvin Arkitektkontor. Kunstnarleg koordinering var ved Kirkelig kulturverksted. mini|venstre|Mortensrud kyrkje, bilete frå interiøret med eit tre. mini|venstre|Bilete sett mot altaret Kyrkja står på ein skogkledd kolle med høge furuer rundt. Anlegget er samansett av to volum, kyrkje mot nord og forsamlingssenter i sør bundne saman med ein kyrkjebakke. Grunnplanet til bygget har ei langstrekt, rektangulær form med saltak over sjølve kyrkjerommet. I forlenging av kyrkjerommet kjem kyrkjetorget med flatt tak. Kyrkja har frittståande klokketårn i tre ved det sør-vestlege hjørnet. Kraftige murar i skifer framhevar fargane i landskapet samstundes med at dei store glasflatene reflekterer vegetasjonen og ljoset frå himmelen.

Kyrkja var kontroversiell i si tid, mellom anna fordi ein her tok i bruk langkyrkjeforma og fordi altaret ligg mot nord, og golvet har ei svak helling nedover mot altarpartiet.

Interiør og inventar Kyrkjerommet har hovudskip med to sideskip og galleri. Golvet fylgjer terrenget og har eit svakt fall fram mot fondveggen ved altarpartiet. I betonggolvet ligg berget ope framme ved koret og bak delar av benkane.

Preikestolen er ein lesepult i stål og tre og er montert i berget framme ved koret. Altaret og altartavla er trukket litt mot aust. Altartavla dekkjer ein stor del av glaspanelet i fondveggen. Arkitekturen er prega av grå murar og svarte stålkonstruksjonar.

Arkitekturprisar Mortensrud kyrkje og arkitektane har vunne ei rekkje arkitekturprisar, mellom anna Houens fonds diplom og Norsk Stålkonstruksjonspris.

Fotnotar

Litteratur

Bakgrunnsstoff Kunsthistorie.com om kyrkja Archileaks om kyrkja Mortensrud kyrkjelyd Kyrkjesøk – Mortensrud kirke

Kategori:Kyrkjer i Oslo Kategori:Kyrkjer i Søndre Aker prosti Kategori:Arbeidskyrkjer Kategori:Houens fonds diplom Kategori:Bydel Søndre Nordstrand Kategori:Norske kyrkjer frå 2002