Butson Ridge er ein klipperik rygg med fleire isdekte toppar, den høgaste på 1305 moh, som dannar nordveggen av Northeastbreen på vestkysten av Graham Land. Han vart først kartlagt i 1936 av British Graham Land Expedition under Rymill. Han vart kartlagt på ny i 1946–48 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) og kalla opp etter dr. Arthur R.C. Butson, ein militærlege i FIDS ved Stonington Island, som i juli 1947 redda eit medlem av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon frå ein bresprekk på Northeastbreen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Butson Ridge» frå , den 19. oktober 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Ryggar i Graham Land Kategori:Fallières Coast