Hege Haukeland Liadal () er ein norsk politikar frå Haugesund som er medlem av Arbeidarpartiet. Frå oktober 2013 er ho stortingsrepresentant for Rogaland.

Liadal arbeidde på 1990-talet i kultur-sektoren i Haugesund kommune. Frå 1999 var ho leiar av Star Tour-kontoret i Stavanger, ei stilling ho hadde i ti år. Ho flytta deretter tilbake til Haugesund, der ho frå 2012 var tilsett som prosjektleiar for Haugaland Kunstverk.

Ved kommunevalet 2011 var Liadal Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Haugesund, eit ombod som Høgre-mannen Petter Steen lukkast vinne. Liadal tok sete i bystyret. Liadal var Rogaland Arbeidarparti sin tredjekandidat ved stortingsvalet 2013, og vart vald inn på Tinget som fylket sin niande representant. På Stortinget fekk ho plass i Familie- og kulturkomiteen.

Ho vart vald inn på nytt i Stortingsvalet 2017.

Kjelder Stortingsbiografi Karmsund Avis Tysvær Bygdeblad nrk.no

Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Folk frå Haugesund