Tone Wilhelmsen Trøen () er ein norsk Høgre-politikar som vart innvald på Stortinget etter stortingsvalet 2013. Ho er 4. representant for Akershus og stortingspresident.Biografi på Stortinget.no
Tone Wilhelmsen Trøen er oppvaksen i Nes på Romerike, er gift og har tre born. Ho har lang erfaring innan politikken frå Høgre sine lokallag både i Nes og Eidsvoll og frå Akershus Høgre. I tillegg har ho vore rådgjevar for Høgres gruppe i barne-, familie- og kulturkomitéen i 2005, og i 2013 var ho partirådgjevar i helsepolitiske spørsmål. Den 15. mars 2018 vart ho vald til stortingspresident etter at Olemic Thommessen måtte trekkje seg på grunn av byggeskandalen på Stortinget, der ei ombygging som var planlagt å koste 1,1 milliardar kroner vart kostande 2,3 milliardar.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Høgrepolitikarar i Akershus Kategori:Lokalpolitikarar i Nes Kategori:Lokalpolitikarar i Eidsvoll Kategori:Norske sjukepleiarar Kategori:Folk frå Nes Kategori:Stortingspresidentar