Åsmarka kyrkje er ei åttekanta kyrkje i lafteverk i Ringsaker kommune, Innlandet. Dette vert rekna som den fyrste kyrkja til Jacob Wilhelm Nordan.

Kyrkja er knytt til Ringsaker prestegjeld i Den norske kyrkja og det var ikkje eiga kyrkje i bygda før denne. Næroset, Åsmarka og Sør-Mesna sokna til Åsmarken kapell (Mesnalia fikk egen kirke i 1933).

Historie

Byggverket er i tømmer og har 180 plassar. Rasmussen skildrar kyrkja som «tilnærmet schweitzerstil».Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. ISBN 82-7527-022-7. Ein del av byggearbeidet vart utført på dugnad, mellom anna hogging og framkøyring av tømmer. Arbeidet vart utført i 1859, og i oktober var snikkararbeidet ferdig. Kyrkja vart truleg innvigd tidleg i 1860. Bygget ligg høgt og fritt med utsikt over innsjøen Næra. Bygget har ståande panel som er intakt (per 1995). Våpenhuset var opphavleg utført i to etasjar, men dette vart demontert omkring 1959 og eit tilbygg på ein etasje sett opp i staden. Fire stolpar i kyrkjerommet støtter under taket med ein firkanta takryttar. Dei opphavleg småruta vindauga er teke var på i sakristiet (per 1995). Omkring 1900 fekk bygget brystning (halvt panel) utanpå tømmeret innvendig, omkring 1959 vart tømmerveggane heilt dekte av panel innvendig. Kyrkja fekk altertavle omkring 1900 (måla av Lars Jorde), opphavleg var det berre eit enkelt alter. Kyrkja fekk nytt orgel i 1981. Under kampane ved Åsmarka traff granatsplintar kyrkja og spora er fortsatt synlege i altertavla og i ei søyle. Kampane i Åsmarka var dei første kampane på land mellom britiske og tyske styrkar under andre verdskrigen. Kyrkjegarden har minne om ein britisk soldat som fall i nærleiken.

Interiør

Fotnotar

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Åsmarka kyrkjelyd

Kategori:Kyrkjer i Ringsaker Kategori:Kyrkjer i Ringsaker prosti Kategori:Kulturminne i Ringsaker Kategori:Norske kyrkjer frå 1859 Kategori:Jacob Wilhelm Nordan Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg