Kristian Johan Fossheim () er ein norsk fysikar. Han har studert faste stoff ved hjelp av ultralydmetodar og har utvikla eit akustisk mikroskop. Etter oppdaginga av høgtemperatur superleiing har han arbeidd med dette fenomenet.

Han tok dr.philos. i 1972 og var førsteamanuensis ved Institutt for teknisk fysikk ved NTH frå 1970 til 1980, og professor her frå 1980. Fossheim har vore forskar ved fleire utanlandske institusjonar. Gruppa han har leia har hatt nært samarbeid med forskingsgrupper i Japan, Europa og USA.

Kjelder

Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Professorar ved NTNU Kategori:Medlemmar av Norges Tekniske Vitenskapsakademi Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi‎ Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Fridtjof Nansens belønning for yngre forskere Kategori:Folk frå Jølster