1909 (romartal MCMIX) var eit normalår som byrja på ein fredag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein torsdag i den julianske kalenderen.
Hendingar
Utlandet 9. januar: Nimrod-ekspedisjonen leia av Ernest Shackleton nådde det sørlegaste punktet nokon ekspedisjon hadde vore, 88°23' S, før han måtte snu grunna minkande ressursar. 24. januar: RMS «Republic» frå White Star Line gjekk ned dagen etter ein kollisjon med SS «Florida» utanfor Nantucket. Nesten alle dei passasjerane blei redda. 6. april: Robert Peary, Matthew Henson og fire inuittar – Ootah, Ooqueah, Seegloo og Egigingwah – kom fram til nokre unna Nordpolen."North Pole." The Explorer's Club. Vitja 5. februar 2014.
13. april: 31. mars-hendinga (31. mars etter rumikalenderen), eit opprør mot det nye styret til den ungtyrkiske Sameining og framskritt-unionen, byrja i Det osmanske riket. 13. april: Adanamassakren. Osmanske tyrkarar drap 15 000–30 000 armenarar i Adana vilayet. 19. april: Anglo-Persian Oil Company (forløparen til BP) blei skipa. 28. april: Sultan Abdul Hamid II av Det osmanske riket blei avsett og etterfølgd av bror sin, Mehmed V. 25. juli: Louis Blériot gjennomførte den første flyginga over Den engelske kanalen.
Noreg 27. november. Bergensbanen blei opna. Kari og Nils H. Lerum starta den første kommersielle produksjonen av saft i den veglause bygda Sørheim i Luster kommune. Verksemda skulle seinare utvikle seg til hushaldingskonsernet Lerum Fabrikker, med hovudsete i Sogndal.
Fødde
30. januar: Lars Bergendahl, norsk skirennar 30. mai: Benny Goodman, USA-amerikansk jazzmusikar 19. juni: Otto Nielsen, norsk programskapar 28. juni: Alf Hellevik, norsk språkgranskar 17. juli: Knut Fægri, norsk botanikar 18. juli: Andrej Gromyko, sovjetisk utanriksminister 27. august: Lester Young, USA-amerikansk jazzmusikar 21. september: Kwame Nkrumah, ghanesisk statsleiar 13. oktober: Art Tatum, USA-amerikansk jazzmusikar 20. november: Olav Strømme, norsk målar
Døde mini|upright|P.S. Krøyer døydde 21. november
20. januar: Torkel H. Aschehoug, norsk rettsfilosof, sosialøkonom og politikar 24. mars: John Millington Synge, irsk forfattar 8. april: Venceslaus Ulricus Hammershaimb, færøysk prest/filolog og opphavsmann til det moderne færøyske skriftspråket 24. juli: Vilhelm Andreas Wexelsen, norsk prest og politikar 21. november: P.S. Krøyer, dansk målar
Kjelder