mini|Hovudkontoret til Norsk Akkreditering Norsk Akkreditering (NA) er eit forvaltningsorgan under Nærings- og handelsdepartementet med nasjonalt ansvar for teknisk akkreditering. Akkreditering blir gjort på laboratorium, sertifiseringsorgan og inspeksjonsorgan. I tillegg er Norsk Akkreditering ansvarleg for GLP-sertifisering i Noreg og EMAS (Miljøsertifisering).

Akkreditering er ei frivillig ordning organisasjonar gjennomfører for å bevise kompetansen sin overfor kundar, krav frå styresmaktene eller seg sjølv. Akkreditering har dei seinare åra vorte brukt innan EU-systemet til kontroll av kompetanse og gjennomføringsevne i styresmaktutføring. Døme på dette i Noreg er NYTEK der det for oppdrettsanlegg krevjast akkreditert inspeksjon og sertifisering.

Opphavleg er akkreditering eit verktøy for å fjerne tekniske handelshinder. Ideen er at eit produkt produsert under ei akkreditert ordning er god nok i alle land som har underskrive MLA om akkreditering.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Norsk Akkreditering» frå , den 15. november 2013.

Bakgrunnsstoff Norsk Akkreditering

Kategori:Norske statsetatar Kategori:Standardiseringsorganisasjonar Kategori:Skipingar i 2004 Kategori:2004 i Noreg