Åsnes kyrkje er ei krosskyrkje frå 1744 i utkanten av Flisa i Åsnes kommune i Innlandet fylke. Dette er den tredje kyrkja som ber dette namnet. Dei to førre stod på litt andre plassar i bygda. Det er kor i austre krossarm og kyrkjestove i nordre.
På kyrkjegarden er ein minnebauta over slaget ved Trangen (25. april 1808). I samband med slaget vart fangar haldne i forvaring i kyrkja ei natt. Dødsofra etter slaget vart gravlagde på kyrkjegarden her.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Åsnes Kategori:Kyrkjer i Solør, Vinger og Odal prosti Kategori:Kulturminne i Åsnes Kategori:Norske kyrkjer frå 1744 Kategori:Krosskyrkjer i Noreg