Sandefjord tingrett er ein førsteinstansdomstol under Agder lagdømme. Han ligg i Sandefjord i Vestfold og domssoknet omfattar Sandefjord kommune. Domstolen består av éin sorenskrivar, éin dommar og to dommarfullmektigar.
Historikk Sandefjord fekk kjøpstadrettar i 1845 og samstundes blei eit felles byfutembete for byene Larvik og Sandefjord oppretta. I 1858 fekk dei to byane kvar sin byfut, men i 1936 blei Sandefjord byfut avskipa. I staden blei Sandefjord heradsrett oppretta, med eit domssokn som femna om Sandefjord by og heradskommunane Sandar og Andebu som til då hade lege under høvesvis Larvik heradsrett og Mellom-Jarlsberg heradsrett. I 1952 blei Andebu frådelt og lagt til Jarlsberg heradsrett.
Sandar heradskommune blei lagd Sandefjord bykommune i 1968 og same år blei nemninga byfut teke tilbake, for å på ny endrast til heradsrett 1988. Sandefjord tingrett blei endeleg namnet frå 2002.ArkivverketArkivverket
Kjelder
Bakgrunnsstoff Sandefjord tingrett
Kategori:Tingrettar i Noreg Kategori:Sandefjord kommune Kategori:Styresmakter i Vestfold