Nordre Osen gamle kyrkje er ei krosskyrkje frå 1777 i Åmot kommune i Innlandet. Ho vart i 1923 avløyst av Nordre Osen nye kyrkje, men vart ikkje riven. I dag er kyrkja freda og står der nærmest som eit museum, eit vitnesbyrd om si tid, med gamalt inventar. Det vert feira olsokgudsteneste, bryllaup og skoleavslutningar i kyrkja.

Kyrkjerommet er umåla og har framleis gamle kyrkjebenkar med gårdsnamn påmale etter fordeling i 1803. Det finst korkje orgel eller elektrisitet i kyrkja.

Kyrkjegarden har vorte utvida sørover frå gamlekyrkja og strekker seg no forbi den nye kyrkja, med eit markant skille mellom gamal og ny del.

Bakgrunnsstoff

Osen bygdebok

Åmot kommune

Kategori:Kyrkjer i Åmot Kategori:Kyrkjer i Sør-Østerdal prosti Kategori:Kulturminne i Åmot Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1777