Hans Bergersson Wergeland () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Masfjorden.

Wergeland var fødd på garden Løveid i Masfjorden. I yngre år gjekk han i to år på overkonstabel-skulen i Bergen, og sidan eitt år på artilleribrigaden sin underoffisersskule. Han overtok så slektsgarden i 1885, og dreiv denne i lang tid.

Han var medlem av heradsstyret i Masfjorden frå 1887 og ordførar i heradet i 15 år; 1902 til 1916. I tillegg var han ordførar i forstandarskapet til Masfjorden Sparebank i tida 1902-07 og styreformann i Lindaas-Masfjorden dampskibsselskap frå 1902.

Wergeland vart vald inn på Stortinget ved stortingsvalet 1906 for krinsen Nordhordland, og vart attvald i 1909. I den fyrste stortingsperioden representerte han Samlingspartiet, i den andre Høgre. Han hadde heile stortingstida sete i vegkomiteen, i den andre perioden som nestformann. Bolken 1910-12 var han også medlem av reguleringskomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Samlingspartiet Kategori:Ordførarar i Masfjorden Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Masfjorden