Røn kyrkje er ei langkyrkje i Vestre Slidre kommune i Innlandet fylke. Kyrkja vart teken i bruk i 1748, men vigslinga skjedde fyrst i februar 1749. Våpenhuset er truleg frå 1800-talet og sakristiet frå tidleg på 1920-talet. Interiørfargane vart valde i 1963. På kyrkjegarden står eit hus frå 1986 som inneheld kyrkjestove og bårerom.

Kjelder

Bakgrunnsstoff «Norges kirker»

Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd

Kategori:Kyrkjer i Vestre Slidre Kategori:Kyrkjer i Valdres prosti Kategori:Kulturminne i Vestre Slidre Kategori:Langkyrkjer i Hamar bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1747