Eyvind Fjeld Halvorsen () var ein norsk filolog.

Eyvind Fjeld Halvorsen vart cand.philol. i 1947, og reiste deretter på studieopphald i Paris to år. I 1949 tok han til å undervisa i norrøne studiar ved University of Glasgow, og blei verande der til 1954, Hvem er hvem 1973. Digitalisert og tilgjengeleg på Runeberg.org då han vart dosent i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo. I 1959 vart han dr.philos, med avhandlinga The Norse Version of the Chanson de Roland om Rolandskvadet.Doktoravhandlinga på Museum Tusculanums Forlag Frå 1962 blei han utnemnd av universitetet til professor i norrøn filologi. Denne stillinga heldt han i nøyaktig 30 år, og han var også dekanus for det historisk-filosiske fakultetet frå 1964-69. Han har skrive ei rekkje artiklar for Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder.

Eyvind Fjeld Halvorsen fekk mykje å seia for utviklinga av det norske skriftspråket på 1900-talet. I trettiårsperioden frå 1958-1988 veksla han mellom å vera formann og viseformann i Norsk språknemnd, som blei til Norsk språkråd i 1972. Han sat også i Stadnamnutvalet.

Eyvind Fjeld Halvorsen var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1961.

Kjelde

Fotnotar

Kategori:Folk frå Ringerike Kategori:Norske filologar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi‎