New Mexico er ein delstat i Sambandsstatane. Hovudstaden er Santa Fe. Delstaten grensar til Mexico i sørvest, og har nesten same våpenskjold som landet. I USA grensar delstaten til Texas i aust og sør, Arizona i vest, Utah i nordvest, Oklahoma i nordaust og til Colorado i nord.
Geografi New Mexico har eit variert landskap med ørkenområde i sør og skogsområde og snøkledde fjelltoppar i nord. Eit markant trekk ved geologien i New Mexico er store kalksteinsgrotter, som Carlsbad Cavern og Lechuguilla Cave.
Historie Under mellomalderen i Europa heldt pueblo-kulturen til i dagens New Mexico. Ulike urfolk dyrka mais og bygde firkanta hus av soltørka leire, elelr adobe. Det finst framleis samfunn i fleire delar av New Mexico som har vore folkesette i hundrevis av år.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «New Mexico» frå , den 25. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Delstatar i USA Kategori:Tidlegare spanske koloniar