Lappsporvar, Calcariidae, er ein liten biologisk familie av sporvefuglar. Familien inkluderer lappsporv og snøsporv, og samlar totalt seks arter i tre biologiske slekter på verdsbasis. Leveområdet er hovudsakleg i Nord-Amerika og Eurasia. Dei er trekkfuglar, og kan leve i ei rekkje ulike habitat, inkludert grassletter, præriar, tundra, fjell og strender.

Skildring Medlemer av lappsporvfamilien Calcariidae har eit spenn i kroppsmassen frå rundt 20 gram som for præriesporv til rundt 42 gram for kvitsporv. Fjørdrakta for desse artane er generelt i brunt, grått og kvitt, med mørkebrune eller svarte irisar. Beina av snøsporv og kvitsporv er mørk gråe eller svarte, medan beina på andre artene i familien spenner frå uklår rosa til brun.

Medlemer av Calcariidae likar generelt opne område, inkludert præriar, vidder, jordbruksland og strender. Delar av distribusjonen til snøsporven omfattar fjellområde.

Maten til artane i denne familien er insekt, frø og gras. Desse sporvane er dagaktive, og beiter ved å gå og å plukke opp mat frå bakken.

mini|høgre|Ein snøsporv i Alaska. Denne arta hekkar hovudsakleg på den arktiske tundraen og overvintrar i nordlege tempererte område

Utbreiinga av familien femner om vide område. Av dei seks artane i familien, finst snøsporv og lappsporv både i både Nord-Amerika og i Eurasia, dei fire andre artene finst berre i Nord-Amerika. Snøsporven hekkar i nordlege breiddegradar i eit omfattande hekkeområde i det nordlege Alaska og Canada, den vestlege og sørlege kysten av Grønland, og det nordlege Skandinavia og Russland. Snøsporvane overvintrar i heile det sørlege Canada og nordlege USA i Nord-Amerika, og i Eurasia overvintrar dei i nordlege Storbritannia og eit stort band som strekkjer seg frå Tyskland austover gjennom Polen og Ukraina til Mongolia og Kina. I tillegg har snøsporvar vore registrerte som ein streiffuglar i Algerie og Marokko i Nord-Afrika, på Balkan, i Hellas og Tyrkia og på Malta. Utbreiinga for lappsporv liknar den for snøsporv; han hekkar i Nord-Canada, Skandinavia, og Sibir, og i kyststrok i Alaska og Grønland og overvintrar i den nordlege USA og Canada, og i eit band mellom ca. 45 ° og 55 ° breiddegrad over Russland, Kasakhstan, Kina og Mongolia til Japanhavet.

Områda for dei andre artene i familien er mindre enn for snøsporv og lappsporv. Kvitsporv hekkar utelukkande på fleire øyar i Beringhavet, og overvintrar primært på vestkysten av Alaska. I tillegg har kvitsporvar tidvis vore rapporterte i Aleutane, og har vore ein streiffugl i British Columbia i Canada og dessutan statane Washington og Oregon i USA. Tundrasporv hekkar i Alaska og det nordlege Canada, og overvintrar i det sentrale sørlege USA. Præriesporven hekkar utelukkande i regionar med prærie i USA og Canada, medan vinterområdet strekkjer seg frå det sørlege USA til det sentrale Mexico. Hekkeområda til skjoldsporv er som for præriesporv, men vinterområdet strekker seg ikkje så langt sør, ikkje lengre sør enn til nord i Mexico.

Taksonomi og artsliste Fuglane i dagens lappsporvfamilie vart tidlegare inkluderte i busksporvfamilien, Emberizidae. Ein fylogenetisk studie av Alström et al i 2008 stadfeste at medlemer av denne familien dannar ein klade ganske fråskilt frå Emberizidae, med slektskapar i staden med parulaer (Parulidae), kardinalar (Cardinalidae) eller tanagarar (Thraupidae), men dei eksakte relasjonane deira er uklåre. Dei kom med framlegg om å plassere dei i stamma Calcariini, men Den internasjonale ornitologiske kongressen plasserte dei i sin ein eigen familie i 2010. Timing med cytokrom b DNA tyder på at Calcariidae vart splitta frå ein felles stamfar for rundt 4,2 til 6,2 millionar år sidan, rundt byrjinga av pliocen, moglegvis ikkje lenge etter spreiinga av grassletter i Nord-Amerika ettersom klimaet i slutten av miocen vart turrare og kjøligare.

Kvitsporven er ofte sett på som ei underart av snøsporv, og hybridisering har vore rapportert. Men ein studie av Maley og Winker i 2007 har funne monalege skilnader i juvenile fjørdrakter mellom dei to gruppene, som stør splitting på artsnivå. Andre medlemer av Calcariidae som er kjende for å hybridisere med kvarandre er skjoldsporv og præriesporv.

LappsporvfamilienNorsk Ornitologisk Forening, Vedlegg til norske fuglenavn, tabell 3. 7. august 2014 i rekkjefylgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.

Slekt Calcarius Lappsporv, Calcarius lapponicus, Lapland Longspur Præriesporv, Calcarius ornatus, Chestnut-collared Longspur Tundrasporv, Calcarius pictus, Smith's Longspur

Slekt Rhynchophanes Skjoldsporv, Rhynchophanes mccownii, McCown's Longspur

Slekt Plectrophenax Snøsporv, Plectrophenax nivalis, Snow Bunting Kvitsporv, Plectrophenax hyperboreus, McKay's Bunting

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Calcariidae» frå , den 16. desember 2013.

Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av Calcariidae-sporvar hos Internet Bird Collection

Kategori:Sporvefuglar