Havnivåendringar syner til korleis det midla havnivået endrar seg med tid. For tida aukar havnivået med kring 3 mm/år på global basis. I følgje National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA), «er dette vesentleg raskare enn den midla havnivåauken over fleire av dei tusen siste åra» og veksten kan vere aukande.http://oceanservice.noaa.gov/facts/sealevel.html Denne auken i havnivået verda over kan potensielt råke menneske som lever i kystområde og på øyar og naturleg miljø (marine økosystem). Mellom 1870 og 2004 har det globalt midla havnivået auka med 19,5 cm. pdf er her Frå 1950 til 2009 har målingar synt ein årleg auke i havnivået på 1,7 ± 0,3 mm per år, medan satellittdata har synt ein auke på 3,3 ± 0,4 mm per år frå 1993 til 2009, ein raskare auke enn tidlegare estimert.IPCC, Synthesis Report, Section 1.1: Observations of climate change , in . Det er uklårt om denne auken syner til ein auke i ein underliggande langvarig trend.IPCC, Synthesis Report, Section 1.1: Observations of climate change , in ;
Det er to hovudfaktorar som har medverka til auken i havnivå.IPCC, FAQ 5.1: Is Sea Level Rising?, in . Den første er varmeutviding: når havvatnet vert varma opp, utvidar det seg.Albritton et al., Technical Summary, Box 2: What causes sea level to change? , in . Den andre er tilførsel av smeltevatn frå landbasert is, som har smelta raskare dei siste 100 åra enn tidlegare.
Havnivåauken er ein av fleire bevis som støttar synet på global oppvarming.Solomon et al., Technical Summary, Section 3.4 Consistency Among Observations , in ; Hegerl et al., Executive summary, Section 1.3: Consistency of changes in physical and biological systems with warming , in . Det globale samfunnet av klimaforskarar stadfestar at det er særs truleg at menneskskapt oppvarming har medverka til auken i havnivå som er observert siste halvdel av 1900-talet.Hegerl et al., Chapter 9: Understanding and Attributing Climate Change , in .
Havnivå er venta å halde fram å auke i fleire hundreår. I 2007 estimerte SN sitt klimapanel (IPCC) at havnivået vil auke frå 18 til 59 cm i løpet av 2000-talet, men «desse tala inkluderer ikkje uvissa i positive klimapådrag frå klima-karbon-syklusen og heller ikkje den fulle effekten av endringar i isstraumane».IPCC, Topic 3 , Section 3.2.1: 21st century global changes, p. 45, in . Nyare estimat av US National Research Council (2010) indikerer ein mogeleg auke i havnivået i løpet 2000-talet på mellom 56 og 200 cm.
På ein tidsskala frå hundreår til tusenår kan smelting av dei store iskalottane føre til enno høgare havnivå. Delvis avising av Grønlandsisen og mogelegeins isen i Vest-Antarktis, kan medverke til 4 til 6 meter auka havnivå.IPCC, Summary for Policymakers , Section C. Current knowledge about future impacts – Magnitudes of impact in .
Eit forskarlag leia av Veerabhadran Ramanathan på Scripps Institution of Oceanography har foreslått at ein rask måte å stoppe den noverande auken på er å kutte utslepp av kortliva klimaoppvarmarar som metan og sot.Cuts in some greenhouse gases could slow sea level rise ; "Methane, ozone and other short-lived pollutants have a big impact on ocean heights" April 12, 2013 Vol.183 #9 Science News
Sjå òg Karbonsyklus Global oppvarming Vassyklus
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Current sea level rise» frå , den 17. desember 2013. oppgav desse kjeldene: (pb: ). (pb: ). (pb: ). . (pb: ). (pb: ). (pb: ).
Bakgrunnsstoff Technical Considerations for Use of Geospatial Data in Sea Level Change Mapping and Assessment NOAA Technical Report NOS 2010–01 Incorporating Sea Level Change Scenarios at the Local Level Outlines eight steps a community can take to develop site-appropriate scenarios East Coast faces faster sea level rise; Cities from North Carolina to Massachusetts see waters rising more rapidly July 28, 2012; Vol.182 #2 (p. 17) Science News
Kategori:Oseanografi Kategori:Fysisk oseanografi Kategori:Global oppvarming Kategori:Framtidsproblem