Hole kyrkje er ei langkyrkje på Røysehalvøya i Hole kommune i Buskerud fylke. Kyrkja vart oppført omkring år 1200, men brann etter eit lynnedslag 24. mai 1943. Steinmurane etter den gamle kyrkja dannar den vestre delen av kyrkja som vart oppført i 1951–54 med Finn Bryn som arkitekt og innvigd 5. september 1954.

Sør på kyrkjegarden er eit gravkapell frå 1914. Prestegarden ligg like nord for kyrkja, på den andre sida av Prestegårdsveien.

Kjelder Sigrid Marie og Håkon Christie: Hole kyrkje i «Norges kirker»

Bakgrunnsstoff Jon Guldal: Hole kirke, Ringerike: noen historiske opplysninger om denne kirke, som brente etter lynnedslag 24.-5.-1943 (Bokhylla.no) Kyrkjesøk

Fotnotar

mini|venstre|Før brannen i 1943

Kategori:Kyrkjer i Hole Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Norske kyrkjer frå 1954 Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kyrkjer i Ringerike prosti Kategori:Langkyrkjer i Tunsberg bispedømme Kategori:Freda bygg i Buskerud Kategori:Kulturminne i Hole