mini|Øystein Pettersen i 2007
Øystein Pettersen () er ein norsk langrennsløpar frå Oslo som har spesialisert seg mot sprintdistansane. Han vann OL-gull på sprintstafetten saman med Petter Northug under vinter-OL 2010 i Vancouver.
Karriere Pettersen fekk sitt gjennombrot då han hausten 2006 i Düsseldorf vart nummer to både på sprinten og sprintstafetten under opningsrenna i verdscupen i langrenn. Dei komande sesongane fekk han ein tredjeplass i Rybinsk i 2007, ein andreplass i Kuusamo i november 2008 og ein tredjeplass i Düsseldorf i desember 2009, alle saman sprinttevlingar.
Pettersen deltok for Noreg i begge sprinttevlingane under vinter-OL 2010 i Vancouver. Han kom på sjetteplass i den individuelle øvinga, der han var tredje beste nordmann. Petter Northug og Ola Vigen Hattestad skulle gå sprintstafetten for Noreg, men då Hattestad kjende seg småsjuk, overlet han sin plass til Pettersen. Pettersen og Northug sigra i stafetten, vel eitt sekund føre Tyskland og Russland som tok dei andre medaljane i tevlinga.
I november 2011 kom Pettersen for andre gong på pallen i eit sprintrenn i Kuusamo, ein tredjeplass. Pettersen har sjeldan hevda seg i eigentleg langrenn, men på tampen av 2013-sesongen delte han bronsemedaljen med Hans Christer Holund på NM-femmila i Løten.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2006: Bronsemedaje på sprinten på Kongsberg, nr 10 på 50 km i Vardø Ski-NM 2007: Nr 8 på 50 km i Nybygda Ski-NM 2010: Nr 5 i sprint i Stokke Ski-NM 2012: Nr 5 i sprint på Voss Ski-NM 2013: Bronsemedalje på 50 km på Løten, delt med Hans Christer Holund
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Folk frå Oslo