Isbrear dekte 79 prosent av Heardøya i 1947, som var 288 km². I 1988 hadde dette falle 11 prosent til 257 km².http://www.antartica.gov.au/kring-antartica/australian-antarctic-magazine/issue-2-spring-2001/science/glasiologi/our-subantarktis-glaciers-why-are-they-retreating Isbreane er underlagt Antartic Environmental Gradient, som dekkjer 30 breiddegrader og omfattar ei rekkje makroklimatiske soner frå kaldtempererte øyar til det iskalde og tørre Antarktis. Isbreane strekkjer seg frå 2745 moh. til havnivået, og isen er opp til 150 meter djup. Den geologiske rørsla til isbreane kan vere rask sidan fjellsidene er bratte og nedbørsmengdene store, og dei er særleg sensitive mot klimasvingingar. Målingar mellom 1947 og 1980 synte at isbreane trekte seg attende, særleg på austsida, og dette hang saman med endringar i vêrmønstera.http://www.eoearth.org/article/Heard_Island_and_McDonald_Islands,_Australia#gen5

Brownbreen vart redusert med 29 % frå 1947 til 2003.http://glacierchange.wordpress.com/2010/11/04/stephenson-glacier-retreat-heard-island/ Vulkanen Big Ben, som alle breane flyt frå, har ikkje hatt noko endring i kor mykje geotermisk varme han slepp ut, så dette har ikkje vore årsaka til smeltinga. Samstundes skjedde det ei oppvarming på 1 grad Celsius.

Forskarar frå Australian Antarctic Division vitja vulkanøya i 2009 og observerte at breane hadde trekt seg attende 50 meter på tre år.

Isbrear mini|Heard Island 2016 Isbre Dato for endring Endringar Baudissin 1955 -> Kontinuerleg tilbaketrekking Vahsel 1955 -> Kontinuerleg tilbaketrekking. Abbotsmith 1947 -> Relativt få endringar Gotley 1947 -> Relativt få endringar Winston 1947–1963 Mista kring 100 meter tjukkleik, som indikert av unge morener på sidene ved Winston Lagoon. Trekte seg attende 1,5 km. Stephensonbreen 1947–1963 18 meter høge isklipper ved kysten har forsvunne og breen endar no 100 meter inn på land Brownbreen 1947–1963; 2008 Same tilbaketrekking som Stephensonbreen. arealet er redusert 29 % Compton 1947–1986 Trekt seg attende 1600 meterhttp://journals.cambridge.org/article_S0032247400007099, Ian F. Allison and Peter L. Keage (1986). Recent changes in glaciers of Heard Island. Polar Record, 23. s 255-272 (members-only link) Jacka 1955 -> Kontinuerleg tilbaketrekking

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Heard Island glaciers» frå , den 27. desember 2013. oppgav desse kjeldene: