«Amazing» (engelsk for Utruleg) er ein song av Tanja, som vart gjeven ut i 2014. Songen er skriven av Timo Vendt og Tatjana Mihhailova.
Eurovision og Eesti Laul «Amazing» var eit av bidraga i Eesti Laul 2014, den estiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Fyrst enda bidraget på andreplass i den fyrste semifinalen med 17 poeng; ti frå juryen og sju frå fjernsynssjåarane. I finalen enda ho att på andreplass, denne gongen med 16 poeng; ni frå fjernsynssjåarane og sju frå juryen. Bidraget gjekk vidare til superfinalen der det vann med 53 prosent av røystene frå fjernsynssjåarane.
«Amazing» representerte Estland i Eurovision Song Contest 2014.
Kjelder
Kategori:Eesti Laul 2014-songar Kategori:Tatjana Mihhailova-songar Kategori:Songar skrivne av Timo Vendt Kategori:Songar skrivne av Tatjana Mihhailova Kategori:Eurovision Song Contest 2014-songar Kategori:Estiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar