Stein er mykje brukt i mannsnamn og stadnamn, både åleine og som del av eit samansett namn.

Stad- og gardsnamn Namnet Stein på ein gard kan visa til ein stor kampestein eller bautastein som stod på garden.

Stein som personnamn Stein er særleg brukt i mannsnamn, og kan visa til det solide og vernande ved ein stein. Namnet var mest brukt i Noreg på 1950-talet.

Nokre namnesamansetjingar for menn er Arnstein, Torstein og Øystein. Steinhild, Steinlaug og Steinunn er meir uvanlege kvinnenamn.

Kjende namneberarar Stein Rokkan (1921-1979), norsk statsvitar og sosiolog Stein Johnson (f. 1921), norsk idrettsmann Stein Eriksen (f. 1927), norsk alpinist Stein Tveite (f. 1930), norsk historikar Stein Mehren (f. 1935), norsk forfattar og kunstnar Stein Ørnhøi (f. 1935), norsk politikar (SV) Stein Knutsen (f. 1946), ordførar i Vestre Toten Stein Ove Berg (1948-2002), norsk musikar Stein Buan (f. 1952), norsk forfattar Stein Erik Tafjord (f. 1953), norsk jazzmusikar Stein Iversen (f. 1957), ordførar i Flakstad Stein Versto (f. 1957), norsk forfattar Stein Erik Lauvås (f. 1965), ordførar i Marker Stein Rønning (1965-2008), norsk karateutøvar Stein Torleif Bjella (f. 1968), norsk musikar

Bakgrunnsstoff

Kjelder Stein som gardsnamn i Stokke

Kategori:Mannsnamn Kategori:Gardsnamn Kategori:Namnedelar Kategori:Førenamn av norrønt opphav