Astrolabe Reef er eit rev nær Motiti Island, utanfor kysten av Bay of Plenty i New Zealand. Revet, som bryt ved fjøre sjø, er ein kjend dykkestad som er ned mot 37 meter djup somme stader.New Zealand Guide to Select Scuba Diving and Snorkelling Locations:Bay of Plenty . NewZealandNZ.co.nz. Revet vart namngjeve av Jules Dumont d'Urville etter skipet hans, «Astrolabe», som nesten gjekk på grunn her den 16. februar 1827.The Discovery of New Zealand: Chapter 4: Cook To D'Urville. Victoria University of Wellington.
Grunnstøytinga til «Rena» Den 5. oktober 2011 gjekk MV «Rena» på grunn på revet. 9. oktober hadde eit 5 km oljeflak spreidd seg og truga dyrelivet og det rike fiskelivet i området. «Rena» var eit containerskip og noko av lasta var lagra ute på dekket. 13. oktober byrja skipet å krenge og over 88 containerar hamna i sjøen og somme vart vaska på land. Somme av containerane som fall overbord inneheld farlege kjemikaliar. Vraket braut i to under ein storm 7. januar 2012.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Astrolabe Reef» frå , den 7. januar 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Informasjon og bilete av MV Rena Filmopptak av djuphavsfiske på Astrolabe Reef 3D-bilete av Astrolabe Reef
Kategori:Rev i Stillehavet Kategori:Newzealandsk geografi Kategori:Stader kalla opp etter skip