Sem kyrkje er ei langkyrkje i Tønsberg kommune i Vestfold.
Kyrkja vart truleg oppført tidleg på 1100-talet og skal ha avløyst ei eldre trekyrkje. Kyrkja bestod først av skip og kor. Våpenhuset i mur er truleg frå 1693. Også Det wedelske gravkapell i aust kom til seinare. Det vart forlenga inntil austveggen til koret i 1902. Sakristiet nord for koret er frå 1925. Kyrkja er ikkje minst kjend for sine relieff, som vart oppdaga under ei restaurering i 1902, då den attmurte portalen var opna. Kyrkja har elles tydelege merke etter andre attmurte portalar og vindauge.
Det står eit gravkapell frå 1935 på kyrkjegarden på den andre sida av fylkesveg 35.
Historie Sem kyrkje vart opphavleg bygd omkring 1100 ved Sem kongsgård. Truleg var ei kyrkje av tre allereie oppført her, kanskje som ei av landets aller fyrste. Før reformasjonen var kyrkja vigd til St. Olav.
I Borgartingslova frå midten av 1100-tallet er Sem kyrkje nemnt som ei av seks fylkeskyrkjer i Vika, kystlandet på begge sider av Oslofjorden.
Etter sagaen Ågrip skal det ha vore i denne kyrkja kong Harald Gille bar jarnbyrd for å sanne farsætta si kring 1125.Ágrip af Nóregs konunga sögum, kapittel 50
Historikar P. A. Munch meinte også at det var i Sem kyrkje at baglarkongen Erling Steinvegg bar jarnbyrd for retten til å vera konge i 1204.Sem og Slagen - en bygdebok. Om Sem kirke. http://www-bib.hive.no/tekster/sem_slagen/kulturhistorie2_1/sem_kirke.html
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Roar Hauglid: Kirkebygning og kirkekunst. Sem kirke
Lokalhistoriewiki
Kategori:Kyrkjer i Tønsberg Kategori:Kyrkjer i Tønsberg domprosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Langkyrkjer i Tunsberg bispedømme Kategori:Kulturminne i Tønsberg Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Freda bygg i Vestfold